Velkommen til Sjedu si sone på Origo!Meld deg inn for å skrive innlegg, laste opp bilete, eller legg til hendingar i kalenderen. Alle er velkomne! :)
JuleQuiz 2011Bjarne skriv på facebook:
Årets Julequiz blir ein høydare! Et kanonarrangement er på gang der ein får i pose og sekk med: - Underhaldning - Konkurranse - Fest og moro Altså meir enn 3 ting på ein gong!!! Og det blir køntry og swing-dans med Steinar Engelbrektson til langt på natt. Årets Quiz går for seg i velkjent stil, men med ein heil del nye og uprøvde innslag. Belag deg på overraskelsar... Dette kan ikkje nåken gå glipp av. Du kjem vel?Gå til facebook-eventen og meld deg på, deretter kan du invitere dine venar til å bli med! -> http://www.facebook.com/events/325375214157437. Resultat frå Fjelltrimmen 2011Resultata frå Fjelltrimmen 2011 er no tilgjengelige på nett! Broddnytt haust 2011Haustens broddnytt er no på nett med treningstider, bilete, og ymse oppsummeringar frå gruppene innad i Brodd. Tusen takk til Beate Kornberg og dei kjekke folka i Brodd! Krabbefest i Runnevang!22. oktober 2011 blir det krabbefest i Runnevang.
Vi startar serveringa og opnar baren kl. 1900. Prisen for skalldyrbuffet har vi sett til 200,-. Aldersgrense 18 år. Overskotet frå kvelden går til Utviklingslaget.
Dette vert ein sosial kveld i haustmørket med noko av det beste frå havet.
Vi har fått litt spørsmål om korleis det skal leggast opp reint praktisk, krabbe er det som kjent endel griseri med.
Det skal riggast opp partytelt ute, der koking og opning føregår. Klørne blir bresta slik at dei kan opnast vidare for hand. Det som skal fortærast blir sidan lagt på fat, slik at gjestene kan forsyne seg med krabbe ute, bevege seg vidare inn i storsalen for å fylle opp med reker og anna deileg tilbehør. Kjeldesortering av avfallet.
Vi lurte lenge på om vi skulle fiske eller kjøpe krabber, men prisen på kjøpt er så gunstig at vi droppar fiskinga. Vi får leveranse frå havet like i forkant av festen, så råvarene vert av ypperste kvalitet.
Elles blir det bar med øl, kvitvin, rødvin, cider, brus og litt snacks. Kaffi må vel nåken ha.
Utpå kvelden reknar vi med behovet for å svinge seg melder seg. Då ryddar vi som hør og bør vekk litt framfor scena, og finn fram fengande rytmer.
Det vert ikkje lagt opp til noko program eller anna underhaldning som forstyrrer den gode søgjen.
Vi håpar dette initiativet vert godt motteke, og at vi fyller salen med folk og god stemning. Det vert laga til store mengder mat, so vi treng mange magar å hjelpe oss. Planen er å gjere dette til ein årleg tradisjon, for vaksne i alle aldrar.
VEL MØTT !! Runnevang til fest og matHar du/de planar om arrangement/selskap med matservering? Då er er Runnevang staden – og no meir aktuell enn nokon gong! Som eit ledd i opprustninga og fornying av Runnevang so har vi no skifta ut den gamle bakarovnen med ein nyare konveksjonsovn på kjøkenet. Vi har òg på gong eit arbeid med å fornye avtrekkshetta og ventilatoren slek at det blir leveleg arbeidsforhold for kokken. Jakt 2011Jakta på Sørstranda nærmar seg med stormskritt. Diskutér jakt 2011 her: http://www.sjedu.no/index.php?goto=forum&tid=1822 Hugs jonsokfeiring på Sandneset i kveld!Jonsokfeiringa byrjar 18:30 nede på Sandneset i kveld. Ta med ein klappstol og paraply! :D Innkalling til årsmøte i IL Brodd 13. mars 2011 Vi oppfordrer små og store, unge og gamle broddarar til å møte opp og være med å påvirke Brodd si framtid!!
I etterkant av sjølve årsmøtet legg vi i styret opp til ei idemyldring og litt å bite i.
Fyrst og fremst ynskjer vi innspel på korleis vi skal drifte barneidretten vår i tida framover, men vi ynskjer og forslag til nye aktivitetar og nye måter å drive trimtilbod til alle aldersgrupper. Er det noko du saknar? Har du ein god idè? Vi vil ta ibruk moderne metoder for medverknad, og alle konstruktive bidrag vert tatt vare på og drøfta framover våren, både i styret og gruppene!
Årsmelding (pdf)Reknskap og budsjett for 2011 (xls) Barn i Løypa 22. februar kl 17Kommande tysdag blir det Barn i Løypa igjen på Loggane. Denne gongen blir det laga bål :) Barn i løypa i kveld kl. 16I kveld kl. 16 er det "Barn i løypa" på Loggane. Møt opp og bli med :) Smakebit frå årets julequiz :)Ein smakebit frå årets julequiz har dukka opp på Youtube. Sjå smakebiten her:
Julequiz 2010!6. juledag blir det julequiz i Runnevang i regi av ungdomslaget og husstyret. Stemninga blir minst like bra som i fjor. Etter quizen spelar Steinar til dans! Sett av kvelden allereie no! Meir info kjem langsmed :D Stem på Brodd i Klubben i ditt hjarteDagbladet er i gong med sin årvisse konkurranse "Klubben i ditt hjarte". Klikk her for å gje di stemme til Brodd! Brodd trimpoeng 2010Brodd si oversikt over trimpoeng for 2010 ligg no på nett.
Noko som kanskje er spesielt verdt å merke seg er at det var 1818 fleire besøk på postane i 2010 enn i 2009. Det kan vel trygt kallast ei positiv utvikling (: Juleverkstad 2010Den 28. november er det juleverkstad i Runnevang. Gamle og nye utstillarar er hjarteleg velkomne. For info og påmelding kontakt Hege på tlf. 97 77 70 96. Broddmarknad!12. november kl. 19.00 er det duka for Broddmarknad i Runnevang. Det blir åresal, premiering, og matøkt.
Vinstar og smørbrødfat mottas med takk! Vel møtt til ei triveleg haustsamling i Runnevang!
Helsing styret i Idrettslaget Brodd. Broddnytt oktober 2010Broddnytt for oktober 2010 er ute! Det kan lesast her, og ein kan også laste det ned direkte. Zeskamp og Sjedu-skjortaSUL skriv: "Laurdag 28.august kl.15.00 inviterer ungdomslaget til Zeskamp i Runnevang. Det vert 4 lag som skal møtast til uhøgtidleg og underhaldande kappestrid. I tilleg til to lag frå Sørstranda ("innjaføre" og "uttaføre" sjølvsagt!) stiller der eit lag frå Bukta og eit frå Nordstranda. Så det er berre å stille opp og heie fram sine respektive lag. Ein kan og handle i kiosken,- hamburger, pølse med brød, pommes frites, kaffi og kaker m.m. Sjedu-skjorte kan ein og skaffe seg denne dagen. Vel møtt i Runnevang."
Sjeduskjorta finst også i storleik for born. Berre å møte opp! Open kafé i Bua på Rygg i morgonI forbindelse med Sjeduvolley 2010 vil det være sommarkafé i Bua på Rygg omlag frå kl. 17 og utover. Det blir visst også ei musikalsk overrasking :) Meir info finn ein i denne gruppa på Facebook. Sjedudeisane med eiga gruppe på FacebookSjedudeisane som gjorde ein legendarisk opptreden på 17. mai i år har no fått si eiga gruppe på Facebook. Gruppa finn du her. Sjeduvolley 2010Komande torsdag er det duka for Sjeduvolley for tredje år på rad! Turneringa startar kl. 18 nede på sandvolleyballbana på Rygg. Møt opp og ta med vener og familie! Påmelding gjerast på nett, og det ligg info på Facebook også. I skrivande stund er det framleis plass til 13 lag! 70% meiner det var feil å leggje ned skulaneEg ber om orsaking for den lett tabloide overskrifta, men Firda Tidend har altso gjennomført ei uhøgtideleg spørjeundersøking på sine nettsider. Dei spurte om det var rett å leggje ned Vereide, Rygg og Reed skule. Av dei som svarte meiner 70% at det var feil å legge ned skulane. Les meir på firdatidend.no. Sjedu
Følgt av 16 medlemmar.
Rygg krins omfattar enkelt sagt sørsida av Gloppefjorden, og vert i daglegtale kalla berre Sørstranda. Pr. 01.01.2002 var det registrert 519 personar i krinsen. Av desse er 261 kvinner og 258 menn. På Ryggjaøyra har vi skule og barnehage. Det er mange lag og organisasjonar i bygda, og vi har m.a. ungdomshus, bedehus og eigen idrettsplass. Jordbruk har tradisjonelt vore ei stor næring i bygda, men pr. i dag arbeider dei aller fleste andre stader i kommunen. Sørstranda har mange flotte dalar, støylar, fiskevatn og fjellområde. Desse vert brukt flittig både sommar og vinter! Meir om sona Sjedu er ei sone på Origo. Les meir Annonse | |||||||||||